Vårsøg Hotell kan tilby 11 ulike, moderne og funksjonelle møterom. Vi tek hand om ditt arrangement, anten det er eit møte for 2 eller ein konferanse på 300 personar.
Auditoriet vårt Storstuå kan ta 300 personar, med fleire møterom ideelt for parallelle sesjonar og utstillingar. Foajeen framom våre største lokalar er eit naturleg vrimleareal for kursdeltakarane.
Ved mindre møter vil våre lokalar Kalla vera gode alternativ. Her finn du kunst frå den lokale kunstnaren Kalla Skrøvseth.
Utanfor vår konferanseavdeling ligg Skeisalongen, ein trivelg og lun lounge som er ein perfekt plass for eit avbrekk i møte, kaffepause og som samlingsplass før middag.
Ved foten av Trollheimen og i Europas reinast luft, er dette med på å legge ei perfekt ramme rundt ditt arrangement. Legg din konferanse til Surnadal. Våre serviceinnstilte konferansevertar sørgjer for at dine behov til kvalitet og effektivitet blir ivaretatt.
Ta kontakt for eit godt tilbod!