Image1\

bigstock Landscape 3134234Hotellet er sentralt plassert i Surnadal. Natur og kultur pregar hotellet, både inne og ute.
Årstidene og naturen er sentrale utforminga av hotellet, medan kulturen pregar stemninga og arrangementa.

Europas reinaste luft og vatn

Vårsøg Hotell ligg midt i sentrum for ei aktiv fritid! Her kan du gå turar i Trollheimen, fiske laks i elvane, spele golf, eller kanskje kajakk og ski er det som freistar mest?
Alternativa er mange, det er berre å velje frå øvste hylle!

Eldorado for fiske

På Vårsøg Hotell kan du bo og du kan fiske i den kjende lakseelva Surna, men her er òg mogleg å fiske i tre andre lakseelver. I tillegg kan du velje å fiske på sjø og/eller i reine fjellvatn.

Golf og kajakk

Surnadal Golfanlegg vart kåra til Norges tredje vakraste golfanlegg i 2008. Så for ein golfentusiast vil dette vere eit paradis!
Vårsøg Hotell har avtale med kurshaldar som kan gi ei innføring i kajakkpadling.
Kanskje kan ein kajakktur vere ei fin tilleggsoppleving for eit kurs?

Vinter

På Nordmarka Skisenter er det fine løyper gjennom heile vinteren. Surnadal Alpinsenter, Sæterlia, har eit av landets lengste skitrekk. Trollheimen kan òg bli bruka til utforkøyring i bratte fjellsider, så vel som roleg vandring i eit fortryllande landskap med kvite vidder.