Vårsøg Hotell starta i 2008 ei samdrift med Surnadal Kulturhus. No kan du gå over Vengespennet mellom dei to husa og vandre vidare inn i det indre Vårsøglandet – til spirande liv og hyllest!

Eit levande hus

Velkommen til eit varierande tilbod av kulturelle opplevingar i Surnadal Kulturhus. Her finn du eigen kinosal og sjølvaste
Storstuå, som ofte husar spennande artistar og eit oppglødd
publikum.

Her finn du også ulike utstillingar og ein foajé med hyggelegekafékonsertar. Kulturhuset inneheld også eit bibliotek kor du kan pleie leselyst og fantasi. Kanskje kan du òg reise inn i dei inste romma i Hans Hyldbakk si litterære verd.

kulturhotell

Om du ønskjer ei kulturoppleving med overnatting og mat, eller om du har eit kurs/konferanse og gjerne vil ha noko ekstra, så er Vårsøg Hotell og Surnadal Kulturhus ein perfekt stad for ditt opphald. Her finn du heilskap i ei kulturell vandring! Kva med ein kveld med nye tankar og kjente tonar? Her er det rom for eksperimentering og uttrykksformer i eit møte mellom nytt og gamalt, som vi håpar du vil finne inspirerande.

Image1\